Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Sjoar-akademiet: TURGLEDE PÅ SKI OG STEGJERN.

onsdag 22. januar 2020, 19.00 - 20.30

Informasjon

Klikk for stort bilete Sjoar-akademiet på Vindafjord bibliotek har ikkje reist langt for å finna foredragshaldar onsdag 22. januar. Men, foredragshaldaren, Moa Hundseid, har reist langt.
Ho kjem med klipp, bilete og visuelle forteljingar frå heile verda, der målet har vore å kryssa isbrear og landegrenser og å sigra over dei høgaste, kvitkledde fjell.

Moa Hundseid nådde toppen av Mt. Everest som Noregs yngste våren 2018, og nå med tittelen Noregs yngste og 5. yngste kvinne i verda. Ho ynskjer å formidla turglede frå vestlandet, men også frå heile verda, på ski og stegjern! Hennar motto er å leva livet; med store flokar i håret og med eit stort glis som formar hennar solbrune kinn! Lukka blant høgfjell og vidder - og ei boblande eventyrlyst!
Velkomen skal de vera!

Stad

Vindafjord bibliotek
Dreganesvegen 40,  5580 Ølen

Tlf.: 53655861

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL: http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Kontakt

Vindafjord bibliotek
Ølen skule,  5580 Ølen

Tlf.: 53655860

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Guri L. Ravatn
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk