Hard er mitt lands lov

torsdag 7. november 2019, 13.00 - 14.00

Informasjon

Torsdag 7.nov kl. 13, kjem Tore Kvæven til Vindafjord bibliotek og presenterer si første bok som kom i 2011. "Hard er mitt lands lov" er ein historisk roman, full av spenning og drivande handling. Boka startar i året 1010 med eit vikingskip i hamn for å driva handel i Roma. Deretter følger ein krangel, drap og så vert mannskapet lokka til det indre av Afrika for å finna ein fønikisk skatt. Kvæven presenterer boka og forfattarskapet sitt for oss.

I 2018 kom boka «Når landet mørkner». Den trollband både bokmeldarar og lesarar for skildringa av det harde livet på Grønland i norrøn tid. For denne boka vart Tore Kvæven tildelt Brageprisen. Bokmøtet er eit samarbeid med Rogaland fylkesbibliotek og ei av markeringane for Bokåret 2019.  

Pris vaksen: 100

Stad

Vindafjord bibliotek
Ølen skule,  5580 Ølen

Tlf.: 53655861

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL: http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Kontakt

Vindafjord bibliotek
Ølen skule,  5580 Ølen

Tlf.: 53655860

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Guri L. Ravatn
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk