Dei sju dørene: Mørke løyndomar og farleg nysgjerrigheit. 

onsdag 23. oktober 2019, 19.00 - 20.30

Informasjon

Onsdag 23.10.19 opnar Sjoar-akademiet på Vindafjord bibliotek dørene for eit forfattarmøte med ein av våre eigne.

Klikk for stort bilete Agnes Ravatn gav i haust ut ny roman, «Dei sju dørene». Romanen har fått gode meldingar og er plassert i grenseland mellom krim, thriller og roman. Handlinga er ei forsvinningsgåte, der akademikaren Nina prøver å løysa gåta, m.a. gjennom bruk av litterær teori, fablar og eventyr. Dagbladet skriv: «Hun framstår i romanen som en slags Frøken Detektiv som har tatt for mye Møllers tran, full av entusiasme, energi og godvilje overfor enhver ny teori og enhver ny mistenkt som måtte fange hennes oppmerksomhet.» Lesaren vert for mørke løyndomar og farleg nysgjerrigheit, ikkje utan ein god porsjon humor. 

Agnes Ravatn møter du i samtale med journalist Grethe Hopland Ravn og det vil sjølvsagt bli opplesing, boksal og signering. Velkomne skal de vera!  
Inngang kr 100. Kaffi, te og sjokolade. 

Pris vaksen: 100

Stad

Vindafjord bibliotek
Ølen skule,  5580 Ølen

Tlf.: 53655861

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL: http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Kontakt

Vindafjord bibliotek
Ølen skule,  5580 Ølen

Tlf.: 53655860

(post): vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no

URL http://www.vindafjord.kommune.no/bibliotek

Any Heggebø
Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk