Folkemøte om ny luftleidning Ølen–Våg–Bratthammar - NVE arrangerar

onsdag 19. juni 2019, 19.00 - 21.00

Informasjon

NVE arrangerar folkemøte om ny luftleidning Ølen–Våg–Bratthammar

Stad: Skjold Arena (Vikanesvegen på Skjold)

Tid: Onsdag 19. juni kl.19

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing frå Haugaland Kraft Nett AS for ein ny 66(132) kV-luftleidning på strekninga Ølen–Våg–Bratthammar i Tysvær og Vindafjord kommunar i Rogaland fylke. Grunngjevinga for søknaden er at dagens 66 kV-leidningar er gamle og nærmar seg utgått teknisk levetid. På møtet vil NVE orientere om den formelle handsaminga av søknaden, medan Haugaland Kraft Nett vil orientere om prosjektet. Alle er velkomne til møtet. Søknaden er lagd ut til offentleg gjennomsyn i Tysvær og Vindafjord kommunar.

Dokumenta er også lagt ut elektronisk på www.nve.no/kraftledninger. For nærare opplysningar kontakt NVE v/ Lars Seim på tlf. 22 95 98 74. Alle som har meiningar om saka kan sende uttale til Noregs vassdrags og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller nve@nve.no innan 16.08.2019.

Vel møtt!

Stad

Skjold Arena
 

Kontakt

NVE
 

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk