Krukkesong - åtte krukker syng sine songar

fredag 6. oktober 2017, 19:30

Informasjon

Krukkesong er eit nyskapande heilakustisk konsept mellom keramisk kunsthandverk og musikk, på høgt kunstnarisk nivå.

Plakat til arrangementet (PDF, 321 kB)

Kunsthandverkar Karoline Emmerhoff frå Haugesund har laga store keramiske krukker. Sunniva Eliassen kjem heilt ifrå Alta med sin vakre song, og Ellen-Martine Gismervik frå Karmøy, men no busett i Oslo, vil spele for oss på sin cello.

Krukkesong er ei vidareføring av tanken om krukker som menneske, med ei ytre form omkring eit indre rom, men no er det rommet inni krukka det handlar om.
At dette rommet inni krukka kan peike mot eit anna rom, og at det kan finnast ein song der.Kvar av dei åtte krukkene har sitt eige tema, og innhald. Vi får sjå, og deretter lytte til kva krukkene rommar. Keramikar Karoline formidlar sine tankar og musikken vil utdjupe innhaldet for oss.
Det vil bli både salmar og Bach.

Den første konserten blir i Ølen kyrkje. Konserten søndag den 8.10 blir ein del av Fartein Valen programmet for 2017, som satellittkonsert i Kulturkirken Skåre i Haugesund.

Pris vaksen: 200

Stad

Ølen kyrkje
 

Kontakt

Ølen og Bjoa sokneråd
 

URL http://

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Login for redigering