Startlån: kva kan du få lån til?
- Kjøp av (brukt) bustad: topp- eller fullfinansiering
- Bli buande i bustad: utbetring av nåverande bustad
- Refinansiering slik at husstanden kan bli buande i nåverande bustad
- Byggje bustad: toppfinansiering
Bustadtilskot til etablering
Kan bli gitt i saman med lån. Tilskotet er behovsprøvd og husstanden sin samla situasjon og økonomi er avgjerande. Det skal leggjast vekt på bustadbehovet og om den økonomiske situasjonen er av varig karakter.
Bustadtilskot til tilpassing
Kan bli gitt til husstandar der minst eit medlem er funksjonshemma, over 60 år eller sosialt vanskelegstilt. Tilskotet skal gå til mindre utbetringar eller spesialtilpassing av bustaden, slik at denne over tid kan fungera godt i høve til behova som ligg føre.
Tilskotet kan dekka godkjente kostnader inntil kr. 40.000 kroner pr. bustad. Dersom utbetringa eller tilpassinga vert dyrare, kan du få ein kombinasjon av lån og tilskot til finansieringa.
Prosjekteringstilskot
Eldre og funksjonshemma som har behov for spesiell tilpassing av bustaden kan få tilskot frå Husbanken på inntil kr. 12 000 til å dekka utgifter til faglig bistand. Tilskotet kan bli gitt både i samband med kjøp av bustad, utbetring av bustaden du har nå eller ved bygging av ny.
Bustønaden
Bustønaden er ein statleg økonomisk støtteordning som administrert av Husbanken og kommunane. Føremålet med ordninga er å bidra til at eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi skal kunna anskaffa eller bli buande i ein god bustad. Bustønaden er behovsprøvd. Og det vert stilt bestemte krav til både husstanden og bustaden.
Informasjon på Husbanken:
www.husbanken.no, servicetorget eller økonomiavdelinga i kommunen. På husbanken sine nettsider kan du og simulera ditt eige månadsbudsjett.
Elektronisk søknad
Nå kan du søkje elektronisk om startlån. Vindafjord kommune er blant dei fyrste kommunane i fylke som tilbyr denne tenesta.
Sjekk at du har tilgang til å skrive ut. Dette er viktig fordi du etter utfylling av den elektroniske søknaden må skrive ut og signere ei erklæring.
Direkte lenke til elektronisk søknadskjema finn du
her
1) Vel først fylke
2) Trykk "OK".
3) Vel deretter aktuell kommune
4) Trykk "Start søknad"
Om du vil, ta ut søknadsskjema og sende i posten finn du det
her
Søknad om lån/tilskot finn du
her
Søknad om bustønad finnes på
Husbanken si heimeside
........... eller ved å venda deg til servicetorg/økonomiavdelinga i kommunen.