|
|
| Songkurs for barn og unge |
Publisert 26.08.2010 |
I samband med Littera-kul-tur 17.oktober, vil Berit Meland tilby Songkurs for barn og unge laurdag 16.oktober, på Ølen vidaregåande skule.
Alle som likar å synge kan melde seg på!
Pris kr.200,-
Påmelding: Snarast og innan 9.september til: kulturskulen@vindafjord.kommune.no |
|
| Kunngjering - planvedtak - Hauane, Ølen, Vindafjord kommune |
Publisert 29.07.2010 |
Reguleringsplanendring for Hauane, Ølen vart vedteken i Vindafjord kommunestyre den 15.06.10 i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. Saksdokumenta kan sjåast på Teknisk bygg og på rådhuset i Ølen. Vindafjord planutval |
|
|
|
| Høyring- Konsekvensutgreiing, kommuneplanen for Vindafjord kommune |
Publisert 12.05.2010 |
Arealdelen til kommuneplan for Vindafjord kommune har tidlegare vore lagt ut til offentleg ettersyn. Planen har vore presentert i 3 delar, KP 1 (størstedelen av kommunen), KP 2 (strandsona og sjøområda) og KP 3 (Ølen sentrum) . Som del av dette planarbeidet hadde kommunen gjort ei overordna konsekvensvurdering. I samband med høyringa av KP 2 og 3 har det kome krav frå regionale mynde om at det måtte utarbeidast detaljert konsekvensutgreiing for alle einskildområda som representerer ei endring i forhold til gjeldande kommuneplanar. |
|
|
|
| |
|
| Planvedtak |
Publisert 23.01.2009 |
I medhald av plan- og bygningslova § 27-2 blir det med dette varsla om at følgjande reguleringsplanar vart vedtekne i Vindafjord kommunestyre den 16.12.08:
- Eide Aust, Osen området, Ølen: frå småbåthamna til Osen, Dreganesvegen på same strekning og tilgrensande bustadområde og vegsystem, samt idrettshallen.
- E 134, Skjoldavik - Solheimskrysset, Skjold. |
|
|
| Kulturkalender |
Publisert 29.12.2008 |
Minner om kulturkalenderen på kommunen si heimeside www.vindafjord.kommune.no der lag og organisasjonar kan legge inn sine arrangement. Bruk den flittig - slik at den blir til nytte for alle. |
|
| Redusert renovasjon |
Publisert 29.12.2008 |
Vindafjord kommunestyre vedtok i sak 078/08 å innføra redusert renovasjonsavgift for einslege minstepensjonistar og uføretrygda med same inntektsgrunnlag. Vedtaket trer i kraft 01.01.09. |
|
|
| Bygdebøker på tilbod |
Publisert 05.12.2008 |
Kommunen sel bygdebøkene til sterkt redusert pris: Kr. 198.- pr. stk. Ved kjøp av alle 6 bøkene – kr. 1000,- Omkostningar ved frakt kjem i tillegg. |
|
| |