Kva skjer?
Komande hendingar
Klikk på biletet - legg inn aktiviteter i kalendaren
Eigedomskatt i Vindafjord kommune
hus i grend

Vindafjord kommunestyre vedtok i møte 09.06.2009 å innføra generell eigedomsskatt for heile kommunen med verknad frå 1.01.2010. Frå før har kommunen eigedomsskatt for verk og bruk i heile kommunen.

SJÅ MEIR INFO UNDER LINKANE TIL VENSTRE

Kommunestyret vil i samband med budsjetthandsaminga for 2010 ta stilling til kor stort skattetrykket vert og om det skal vera botnfrådrag. Takseringa er for å få fram ein best mogeleg reell verdi av eigedomen.

Kva skal takserast?
I utgangspunktet skal alle eigedomar i kommunen takserast etter prinsipp som sikrar likehamndsaming. Hovudgruppene av eigedommar som skal takserast er:
- Tomter som ikkje er bygde på
- Bustader
- Hytter/fritidshus
- Våningshus på gardsbruk
- Garasjar/naust til bustadar
- Uthus
- Næringsbygg/forreningsbygg
- Andre bygg

Kva skjer og korleis?
I januar og februar vert det halde takst på alle eigedomar i kommunen. Som grunnlag for taksten har vi opplysningar som ligg i "Matrikkelen" (landsdekkande arkivsystem for Grunneigedomar, Adresser, Bygningar) og i kommunen sitt arkiv. Matrikkelen inneheld opplysningar om storleik på bygg, tomter og liknande. Takseringa vert gjort av synfaringspersonale som føretek ei utvendig synfaring og vurdering. Der det er manglar eller feil opplysningar, vert det gjort oppmåling i samband med synfaringa.

Korleis får eg informasjon om taksten og skatten?
Eigedomsskatten for 2010 vert skriven ut innan 31.03.2010. Alle eigarar får då tilsendt eit oversyn over taksten som er fastsett og korleis skatten er utrekna.

Talfakta frå Matrikkelen og rapport frå synfaringa gjev grunnlag for takst. Denne vert handsama og vedteken av ei sakkunnig takstnemnd. Klage over vedteken takst vert handsama av sakkunnig nemnd. Klager der sakkunnig nemnd ikkje gir fullt, eller berre delvis medhald, vert oversend til sakkunnig klagenemnd til endeleg handsaming.  

Spørsmål
Har du spørsmål - ta gjerne kontakt, enten via telefon 53 65 65 65, e-post: eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no eller brev til Vindafjord kommune 5580 Ølen.

Oppmålingsreglar for etasje finn du her

Vedtekter eigedomsskatt finn du her

Informasjonsbrosjyre finn du her

Publisert av Reime,Reimund. Ansvarleg Rørtveit,Marianne. Sist endra 22.04.2010
Kontaktinformasjon
Vindafjord kommune
Rådhuset
5580  Ølen
 
postmottak@vindafjord.kommune.no
 
 
Telefon : 53 65 65 65
Faks : 53 65 65 66
Org.nr. : 988 893 226
: Konto 32401727271
: Kommunenr. 1160
_
Opningstid : 08.00-15.30
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Ansvarleg redaktør Rådmann Kristian Birkeland      Web-redaktør Konsulent Mali Smemo Hjemdal