|
Klikk på biletet - legg inn aktiviteter i kalendaren
|
|
|
|
Eining funksjonshemma
|
Eining funksjonshemma har kontor i 1. etg. i Vindafjord rådhus i Ølen.
Tlf.: 53 65 56 20 / 53 65 56 21 Telefax: 53 65 56 01 E-post: funksjonshemma@vindafjord.kommune.no
Einingsleiar: Ragni Sunniva Fett Tlf.: 53 65 56 20 E-post: ragni.sunniva.fett@vindafjord.kommune.no
Sakshandsamar: Nina Haslemo Tlf. 53 65 56 23 E-post: nina.haslemo@vindafjord.kommune.no
Sakshandsamar: Marianne Rødde Nesheim Tlf. 53 65 56 22 E-post:
Sekretær: Anne Brit Nesheim Tlf. 53 65 56 21 E-post: anne.brit.nesheim@vindafjord.kommune.no
Les meir om dei ulike avdelingane og sjå linkar til tenestestandardar nedanfor.
|
Alle tenestene er heimla i sosialtenestelova kap. 4-3 og 4-2. Me samarbeider med andre einingar i kommunen, med leger, rehabiliteringsteneste og andre etter individuelle behov. Alle brukarar får ei funksjonsvurdering i Iplos som seier noko om kva ein treng hjelp og bistand til for å kunna leva og fungera mest mogeleg optimalt i samfunnet.
Alle med langvarige og koordinerte tenester har rett på individuell plan, der dei ulike samarbeidspartar er plikta til å samordna tenestene, og der brukarmedverknad står sentralt.
Tenestene er individuelt tilpassa og vert gitt med respekt for kvar einskild sin fysiske og psykiske integritet og medråderett. Me legg vekt på å skapa tryggleik, og å bistå med oppgåver i kvardagen som den einskilde treng hjelp til.
Eininga administrerer:
a) 3 Bufellesskap for menneske med psykisk utviklingshemming / fysisk funksjonshemming og med heildøgns omsorgstenester.Personalgruppene der består av vernepleiarar og andre med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, fagarbeidarar innan omsorg og assistentar med praksis.
1 Bufellesskap i Ølen:
Seljebakken: Kommunalt bufellesskap med 6 husvære. Brukar betalar husleige. Leiande miljøterapeut: Birte Dyngeland og Anne Liv Imsland – tlf. 53 65 56 60
2 Bufellesskap i Sandeid
Sandeidtunet Burettslag med 5 husvære. Brukarane eig husvære og betalar fellesutgifter. Leiande miljøterapeut: Marit Svantesvold – tlf. 53 65 56 40
Bufellesskapet Kommunalt bufellesskap med 6 husvære. Brukar betalar husleige. Leiande miljøterapeut: Mari Anne Kro – tlf. 53 65 56 50
(Sjå link til tenestestandard miljøarbeid i heim, nederst)
b) Miljøarbeid i heim utanom bufellesskap - fleire sjølvstendige personalgrupper kring einskildbrukarar
c) BPA – brukarstyrt personleg assistent, der arbeidsleiing av personalgruppa heilt eller delvis kan administrerast av brukar sjølv.
(Sjå link til tenestestandard BPA, nederst)
d) Aktivitetshuset To avdelingar: Aktivitetsavdeling og tilrettelagt arbeid. Her produserer dei varer i tre og tekstil for sal, dei spikrar pallar for Fjetland …. og lagar gjerdeklyvarar for Fylkeslandbrukskontoret.
(Sjå link til tenestestandard tilrettelagt arbeid, nederst)
e) Avlastning, privat og i avlastningsbustad Me gir avlastning til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver i private heimar så langt som råd er, for at born skal få vera i ein familiesituasjon også når dei er på avlastning. Avlastningsfamilien blir handplukka til føremålet, og er oppdragstakar for kommunen.
Somme born har likevel av ulike grunnar behov for avlastning i avlastningsbustad. Til det nyttar me eine husværet ved Bufellesskapet på Sandeid.
(Sjå link til tenestestandard avlastning, nederst)
f) Støttekontakt vert gitt til brukar sjølv. Det er ein person som hjelper til å gje ei meiningsfylt fritid og for å kunna bryta ei isolert tilvære.
(Sjå link til tenestestandard støttekontakt, nederst)
g) Nytt bufellesskap Det er etter kvart behov for nytt bufellesskap til ungdomar som i dag enno bur heime i barndomsheimen sin. Planlegging er påbegynt.
Ønskjer du å jobba med eit meiningsfylt arbeid i eit godt miljø? Då er du velkomen som søkjar hos oss. Det vert med jamne mellomrom lyst ut stillingar i pressa eller på kommunen si internettside. Følg med – eller ta direkte kontakt. Avlastarar og støttekontaktar er det nesten alltid behov for.
Me ønskjer at du er over 18 år og har tilgang til bil. Du må kunna leggja fram politiattest. Du får opplæring.
|
|
Publisert av
Reime,Reimund.
Ansvarleg
Fett, Ragni S.
Sist endra 11.01.2010
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Vindafjord kommune
|
|
Rådhuset
|
|
|
|
5580
Ølen
|
 |
|
Telefon
|
:
|
53 65 65 65
|
|
Faks
|
:
|
53 65 65 66
|
|
Org.nr.
|
:
|
988 893 226
|
|
|
:
|
Konto 32401727271
|
|
|
:
|
Kommunenr. 1160
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
08.00-15.30
|
|
|