|
Klikk på biletet - legg inn aktiviteter i kalendaren
|
|
|
|
Arealdelen til kommuneplanen
|
Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel starta opp etter at kommuneplanutvalet fyrte av startskotet i møte den 20.05.08.
|
Arealdelen av kommuneplanarbeidet er delt opp i 3 delar:
1. Vedteken i formannskapet 23. juni og lagt ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist 20. september 2009. Gjeld heile kommunen, med unnatak av sjøarealet, arealet i strandsona samt Ølen sentrum. Planen vert kalla (KP 1). Sjå under menykort høyringar for detaljer.
2. Strandsona (100-metersbeltet) og sjøareala. Denne planen tek ein sikte på å leggja ut til offentleg ettersyn i november- desember dette året (KP 2).
3. Ølen sentrum. Arealet som blir omfatta av denne plandelen går fram av karta som følgjer KP 1. Ein tek sikte på at denne også kjem på offentleg ettersyn i november-desember (KP 3).
Når alle tre delane er godkjente og vedtekne av kommunestyret, blir dei slått saman til ein samla kommuneplan med eit kart og samla føresegner og retningsliner. Ein konsekvens av denne måten å organisera arbeidet på, vil vera at det kan skje mindre endringar i KP 1, når framleggja og vedtaka blir gjort i dei to andre delane.
Kommunen har som mål at heile planen skal vedtakast medio 2010.
Eventuelle spørsmål kan rettast til:
Anne Sofie Sandvik tlf. 53 65 61 34 eller
Sissel Aarvik tlf. 53 65 61 36
|
|
Publisert av
Reime,Reimund.
Ansvarleg
Sandvik,Anne Sofie.
Sist endra 13.08.2009
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Vindafjord kommune
|
|
Rådhuset
|
|
|
|
5580
Ølen
|
 |
|
Telefon
|
:
|
53 65 65 65
|
|
Faks
|
:
|
53 65 65 66
|
|
Org.nr.
|
:
|
988 893 226
|
|
|
:
|
Konto 32401727271
|
|
|
:
|
Kommunenr. 1160
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
08.00-15.30
|
|
|