Forfatter Atle Hansen skal vitja alle 6. klassar i kommunen og fortelja om bøkene sine og om det å vera forfattar. Elevane har i vår lest bøkene hans og dei har førebudd spørsmål til samtale. Vikedal skule skal i tillegg ha nokre timar skrivekurs saman med Atle Hansen.
Besøket som startar i veke 10 er eit samarbeid mellom Den Kulturelle Skulesekken i Vindafjord og Vindafjord bibliotek.