Per Husby presenterer her eit utval av de populære songane frå "Da Capo"-programma, både i pianoversjonar og som allsong. Hovudvekta av repertoaret er kjente, kjære og til dels gløymde songar frå den norske songskatten - der "Alle vakre jenters jumbo!" og "Jim og jeg var venner alle dage" like godt kan dukka opp som "Mari du bedåre" og "Vise for gærne jinter". Programmet blir bunde saman med eit uformelt kåseri med observasjonar og forteljingar frå et langt liv med musikk.
Per Husby er kjent sidan 70-talet for konsertar, plateinnspelingar, eigen kvintett, og Spellemannspris (1985) for å nemna noko. Han er også kjent frå NRKs populære "Da Capo"- sendingar, som samla eit stort publikum i ti år. Som pianist og kapellmeister presenterte han saman med Vidar Lønn-Arnesen eit stort utval av songar som er blitt ein del av den norske songskatten. Husby har sidan 1980-tallet drive med institusjonskonsertar, og har det siste året turnert for Akershus musikkråd.
Den kulturelle spaserstokken blei etablert i 2007 og er ei oppfølging av St.meld.nr.25 (2005-2006) fra Helse- og omsorgsdepartementet og avtale om konkretisering av Omsorgsplan for 2015 og føremålet var:
• å syta for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
• å legge til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det blir utvikla gode kunst- og kulturprosjekt lokalt innafor eit mangfald av sjangrar og uttrykk
• å bidra til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der de eldre held seg i dagliglivet.
Departementet sendte ut brev til kommunane med invitasjon til å søke om midlar til gjennomføring av kulturtiltak for eldre med søknadsfrist er 15. mai 2009. Eit av momenta er at det blir lagt særleg vekt på det profesjonelle i kunstnarisk og kulturfagleg utøving og formidling.
Vindafjord søkte om midlar og fekk tildelt kr 80.000 og er no godt i gang med på å gjennomføra ulike arrangement for dei eldre i kommunen.