Den einskilde kan då velja etter sitt ønskje og kompetansebehov. Td var 43 av Vindafjord sine ca 135 barnehagetilsette saman med 130 tilsette frå andre kommunar i Tysvær og høyrde Benedicte Hegg Møllerop forelesa om "Barnehagen i endring og utvikling". Ho er styrar i ein barnehage som driv etter Reggio Emilia-filosofien. Viktige moment er å sjå barna som kompetente, at barn har "100 språk" og barn har rett til medverknad, altså ein lyttande pedagogikk med deltakande vaksne. Barnehagen skal vera ein pedagogisk institusjon, og det blei tatt opp tema som "rommet som den 3.pedagog", korleis dagen kan organiserast for å gi best mogleg pedagogisk tilbod, og korleis jobba med prosjekt og dokumentasjon. Ein interessant og nyttig dag der me som var der, fekk mange idear med oss tilbake!
Dei andre kursa var Vindafjord sine barnehagetilsette tok del i var:
• I Haugesund: Å fylla ei rolle, med hovudvekt på pedagogrolla og dei mellom-menneskelege forholda, både med vekt på personalgruppa, men og i relasjonar mellom barn og vaksne. Anerkjennande kommunikasjon, yrkesetiske problemstillingar, og pedagogens ulike arbeidsreiskap vil vera aktuelle undertema. Karin Berner jobbar ut frå at læring skjer mellom oss og i refleksjonen rundt dei ulike tema.
• På Karmøy: Avdelingsfri barnehage gir nye muligheiter - om alternative organiseringsmåtar i barnehage. Kurset handlar om: - Samanheng mellom pedagogikk, fysisk miljø og organisering * Rommet som den 3. pedagog * Om å skapa eit innhald, - saman * Barnehagen som arena for leik og læring - Utvikling av ein GOD barnehage for alle barn - Korleis gjera endringsarbeid til ei spanande utfordring for alle - Gode praksisforteljingar som viser barns perspektiv og utfordrar dei vaksne si tenking og praksis.
• I Suldal: Kvalitet på kvardagspedagogikken for dei yngste i barnehagen, der innhaldet var - kva gode relasjonar mellom barn - vaksne og barn - barn har å seia - dei vaksne sin emosjonelle tilgjenge - kunnskap om tilknytingsteori - den enkelte medarbeidar sitt personlege og faglege ansvar - jamleg samspelsobservasjon - fagleg rettleiing.