Vigdis Eidsvåg var ein engasjert føredragshaldar, og gav oss nok alle eit og anna å reflektera over: - Tenkjer me nok etter i det daglege om me er flinke til å ivareta respekten for barn når me dokumenterar, t.d. med foto? - Veit me kva for konsekvensar dokumentasjon kan ha for dei som deltek? - Korleis veit me kva slag dokumentasjon som er best for barnet? - Kven dokumenterar me eigentleg for?
Kurset var i samband med etikkprosjektet for barn og unge: "Frå struktur til handling". Det er planlagt fleire slike fellessamlingar framover mot sommaren for alle som er deltakarar i dei tverrfaglege Oppvekstteam og Samordningsteam. "Frå struktur til handling" byggjer på eit nyleg avslutta prosjekt "For alle, - og for den eine". Sistnemnte prosjekt munna ut i ein "Plan for førebyggande arbeid og tverrfagleg samarbeid for barn og unge", og ønskjet vårt nå er at alle leiarar får eit eigarforhold til denne planen. Fokuset i "Frå struktur til handling" er difor tilhøve mellom tenesteytarar som samarbeider for barn og unge. I tverrfagleg samarbeid er alle like viktige, og det er slik at tverrfagleg samarbeid krev at "ditt" og "mitt" blir til "vårt". Kompetente medarbeidarar er gode ambassadørar! Hilde Haraldseide, leiar av Utviklingsavdelinga, er prosjektleiar i "Frå struktur til handling".